Pomolosalat og Krabbekaker, fredagskos!

I dag har eg hatt ein "lyst-til-å-lage-mat-dag", og det e alltid ein glede når slike daga dukka opp.

Panta 150 flasker før eg traska rolig inn med handlevogna på norges deiligaste matvareforetning; Centra.

Eg eeeeelska store matbutikka, dei har så mange produkt som ein ikkje finne andre plassa, samt at det e smaksprøva i kvar krik og krok. Dagens smaksprøva; salmalaks med digg saus, torsk med digg saus, agurk med aioli, skinke, anna pølse... Namnamnam, e alltid småmett etter å ha vore på Centra. Da eg betalte parkeringen etter endt handling, fann eg ut at eg hadde vore i foretningen i 1,5 time... Haha, KVALITETSTID! Møtte på P3-Live i grønnsaksdisken, så ho skal få litt av æren for at ting tok tid... Ho kjøpte forresten ALT eg kjøpte, hermeGÅS ass!!

(for dei som ikkje skjønna ironi på papir, siste setning var kødd, og meint vittig..)

 

Nu vel, etter å ha stått bom-stille ved tomaten i 10 minutt for å google kå eg skulle finne på til middag, bestemte eg meg for følgande: pomolosalat og crabcakes. Sistnemnte åt eg kvar dag når eg var i Los Angeles forrige gang, totalt dilla- heilt sinnsjukt godt! Mine blei óg gode, men ikkje heilt slik som eg fekk servert på restaurant der borte, denne oppskriften må jobbast med, men veldig god start,

Unødvendig å skrive, men dette e sjølsagt superdupersunt, slik som mi lika det ;)

 

 



 

 




 

Pomolosalat:

3 stk Pomolo evt grapefrukt

3 stk kyllingfillet i strimler, ferdigsteikt

1 pakke scampi (mariner i olivenolje, 1 lime, chilli, ingefær, salt & pepper)

3 ts hakka rød chilli

3 ss fiskekraft

3 ts sukrin

3 stk lime (saften)

2 stk hjertesalat (eller anna salat)

3 ss hakka koriander

6 ss sprøsteikt sjalottløk (eg fekk ikkje min sprø :p)

2 dl hakka rista peanøtter

 

Smell alt i ein bolle og bland godt! Dryss koriander over til slutt.

 

 

Krabbekaker:

250 gram krabbekjøtt

3 ss rugmjøl

3 ss Panko (brødsmuler)

1 ss finhakka jalepenos

1 ss finhakka koriander

1 finhakka vårløk

1 ts risvineddik

1 lime (saften)

 

Bland først krabbekjøttet med Panko og rugmjølet.

Ha i jalepeno, koriander, risvineddik, vårløk.

La deigen stå i kjøleskapet 1 time for at saften skal trekke inn.

 

Varm ei panna med dekka olivenolje og bruk ei skjei til å forme "bollane/kakene".

Steik i ca 1 min på kvar side, deretter la dei stå i ovnen på 150 grader i 10 min.

 

 

 

 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits