Gurgel i bringa.

Savna LA når eg ser på bildene eg har tatt derfra. Keen på å planlegge ny tur snarast!

Skulle gjerne hatt denne sola kvar dag, eg... Ja, eg e veldig lei norsk vinter, den e så alt for lang!
Har fremdeles mykje gurgel i bringa, og eg hata det. Får ikkje til å synge skikkelig, får heller ikkje til å trene slik som eg foretrekke, for eg blir fort sliten og hosta i eitt køyr. Det e vel berre tid som hjelpe, la det forsvinne sakte, men sikkert.
Har likevel prøvd å øve litt sang i dag, spelt på det fine pianoet mitt og kviskra forsiktige tonar, har óg trimma litt, men det blei med ei lett og ikkje alt for lang økt- ein rolig, men bra start på veka har det vore.
No har eg dekka bordet til seks, for vi får middagsgjester; enkel og grei servering uten den alt for store planlegginga. Har mekka spagetti med tomatsaus, ruccola og parmesan- alltid ein vinnar.
Gleda meg til å få besøk av dei fine folka våre, burde egentlig hatt middagsbesøk kvar dag, middag laga vi jo likevel, og det e så innmari hyggelig med besøk. Skal bli flinkare til det å invitere, for der har eg rett og slett ein liten veg å gå. Har jo så mange fine venner som eg ser alt, alt for lite. Det får vere eit mål for framtida.