Søndagsstemning på ein mandag...

Nilo og meg på trilletur i dag. Han syns det mest morro å ikkje sitte i vogna.

 

 

 

Åja, veldig sliten i dag, definitivt grunna sein heimkomst i natt, eg ha det med å legge festligheta til søndaga... óg!

Måtte jo feire at Sogndal klarte å ta 1 poeng mot Strømsgodset i går, ein kamp der Sogndal sleit rompa av seg.

Ja, jammen smakte Coronaen godt i går óg, rart med det... :)

 

Det e folksomt her i heimen desse dagane; Tale, Tale2, Ragnhild, Nilo, mamma, pappa og meg- det kalla eg fullt hus, og det e det kjekkaste eg veit. God mat og drikke, knallstemning, hurra med Gunn.

I dag har eg gjort lite; traska til Fjøra (sentrum), tok ein superkort trening (kroppen var ikkje veldig samarbeidsvillig i dag...), så har vi ete digg mat i regi av Ragga; asia-inspirert, namnam- ho kan virkelig kokkelere.

No e vi så mette at vi nesten dette av stolen her alle mann, alle med kvar sin mac og ein kopp traktekaffi- eg elska å vere heime. Alt e så rolig her, null stress... Det trenge vi alle av og til. KOSA MEG, men savna guten min da, det gjer eg alltid.

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits