Partyhatt, sol, fiskekaker og fotball.

I dag har vi vore i bursdag til Nilo som blei 2 år 16.mai. Partyhatta og full balluba.

Sjonkel-Aksel skuffa aldri.

Bolle-Per var i sitt ess.
Starta dagen med aleinestund i sofaen med frokost og ELLE- kvalitetstid. Etter det var det duka for å vrikke på hofta med Zumba på Elixia. Veldig morsomt, men eg føle meg så stiv og dum på slike tima, men eg skite i kor teit eg ser ut, eg veit eg har godt av det ;)
Seinare var vi i selskap til min supernevø, Nilo. Rein hygge.
No prøve eg så godt eg kan å fortrenge den forbanna følelsen eg har i kroppen, Sogndal gjekk på ein bittert og unødvendig tap i dag, og eg lar det gå så sjukt inn på meg.
Var dog riktig så fint å sitte på Åråsen, elska komboen fotball og sol.

Fekk besøk av Gullik i pausen på Åråsen i dag, eit aldri så lite overgrep, men hyggeli ;)
No har eg akkurat pjåta i meg to fiskekaker (dei med 80% fisk, så gode..), sitte i sofaen å ser på RBK-Odd (eg e nørd), gressenke i kveld...
I morgo skal eg ha bootcamp i Frognerparken med trenaren min, Helle. Gru-gleda meg litt, har aldri testa den type trening før. Trur det blir ei knallhard økt.
Torsdag blir det først signering og mini-mini konsert på Sogningen Storsenter kl 17:00, deretter konsert i parken i Sogndal kl 19:00. Gleda meg veldig til å endelig spele heime att, blir så alt for sjeldent.

























